Program 2026

Konsertar under NordAccordion

Her finn du alle konsertane i festivalen samla. Kvar konsert har eiga underside med meir informasjon.

Opna TicketCo i nytt vindauge for billettar til arrangement der det er aktuelt.

Opningskonsert med TOEAC, Geir Draugsvoll og Dina Draugsvoll

Tysdag 11. august 2026 · kl. 19.30

Opningskonsert med TOEAC, Geir Draugsvoll og Dina Draugsvoll

Vi opnar årets NordAccordion med ein konsert som rommar både det nære, det virtuose og det utforskande.

Frå Nederland kjem TOEAC Accordion Duo, ein duo som gjennom mange år har arbeidd med å utvide klangverda og repertoaret for to akkordeon. Dei møter publikum med presist samspel, sterke musikalske idear og eit uttrykk som viser kor mange retningar instrumentet kan ta.

Denne kvelden får vi også høyre Geir Draugsvoll saman med Dina Elena Draugsvoll på klaver. Samspelet mellom akkordeon og piano opnar for eit rikt og detaljert lydbilete, der instrumenta både kan smelte saman og utfordre kvarandre.

På programmet står musikk av mellom andre Martin Lohse og Henning Sommerro. Musikken beveger seg mellom det lyriske og det kraftfulle, og gir eit godt bilete av noko av det NordAccordion ønskjer å vere: ein møteplass for ulike uttrykk, generasjonar og tradisjonar, med akkordeonet som felles utgangspunkt.

Vi håpar mange vil vere med når vi set tonen for NordAccordion 2026.

Medverkande:
  • TOEAC Accordion Duo, Nederland
  • Geir Draugsvoll
  • Dina Elena Draugsvoll (klaver)

Ole Bull Akademiet
Tysdag 11. august 2026 · kl. 19.30

Billettar
Nordisk talentkonsert

Onsdag 12. august 2026 · kl. 19.30

Nordisk talentkonsert

Denne kvelden samlar vi unge akkordeonistar frå heile Norden til ein konsert der nye stemmer, ulike tradisjonar og musikalsk nysgjerrigheit får stå i sentrum.

Frå Island kjem Flemming Vidar Valmundsson, frå Danmark får vi høyre Duo Sonus, medan Leo Florin representerer Sverige og Johannes Koivisto Finland. Frå Noreg møter vi Bayan Brothers.

Sjølv om dei kjem frå ulike land og musikalske miljø, deler dei ei sterk interesse for akkordeonet og for alt instrumentet kan romme. Talentkonserten gir oss eit møte med ein ny generasjon musikarar som allereie har funne sine eigne uttrykk, og som er med på å forme framtida for akkordeonmusikken i Norden.

For NordAccordion er det viktig å skape ein møteplass der unge musikarar kan bli kjende med kvarandre, dele musikk og få stå på same scene. Den nordiske talentkonserten er difor ein heilt sentral del av festivalen.

Medverkande:
  • Flemming Vidar Valmundsson – Island
  • Duo Sonus – Danmark
  • Leo Florin – Sverige
  • Johannes Koivisto – Finland
  • Bayan Brothers – Noreg

Ole Bull Akademiet
Onsdag 12. august 2026 · kl. 19.30

Billettar
Gratiskonsert i Voss Sparebank

Torsdag 13. august 2026 · kl. 12.00

Gratiskonsert i Voss Sparebank

Denne konserten samlar det svenske stjerneskotet Leo Florin, Geir Draugsvoll og Kristina Farstad Bjørdal til ein intim og spennande konsert med både unge krefter og ei heilt ny musikalsk hending.

Leo Florin er ein av dei mest spennande unge akkordeonistane i Sverige, og kjem til NordAccordion med stor speleglede, tydeleg musikalitet og eit uttrykk som allereie har vekt merksemd langt utanfor heimlandet.

Eit av dei store høgdepunkta denne formiddagen blir urframføringa av «Ordskifte», eit nytt verk av Henning Sommerro, skrive for festivalsjef Geir Draugsvoll og Kristina Farstad Bjørdal. Verket tek utgangspunkt i nordmøringen Leif Halse sitt dikt og fører tekst, klang og forteljing inn i eit nytt musikalsk landskap.

Henning Sommerro vil sjølv vere til stades under konserten, noko som gjer urframføringa til eit ekstra nært møte mellom komponist, utøvarar og publikum.

Konserten er ein del av samarbeidet mellom NordAccordion og vår sponsor Voss Sparebank, og vi er svært glade for å kunne invitere til ein føremiddag som viser nye verk – og der akkordeonet får stå sentralt i lokalsamfunnet.

Medverkande:
  • Leo Florin
  • Geir Draugsvoll
  • Kristina Farstad Bjørdal
  • Henning Sommerro

Voss Sparebank
Torsdag 13. august 2026 · kl. 12.00

Gratis
Martin Lohse – portrettkonsert

Torsdag 13. august 2026 · kl. 19.30

Martin Lohse – portrettkonsert

Denne kvelden vier NordAccordion ein heil konsert til musikken av den danske komponisten Martin Lohse.

Lohse har skrive ei rekkje verk der akkordeonet har ein sentral plass. Musikken hans er ofte prega av tydelege linjer, sterke rytmiske impulsar og langsame musikalske utviklingar, der små endringar i klang og rørsle gradvis opnar nye rom. I denne portrettkonserten får publikum høve til å bli betre kjent med både breidda og særpreget i komponistskapen hans.

På scena møter vi Luca Bello og David Munk-Nielsen, Gemini Duo og Geir Draugsvoll. Gjennom ulike besetningar og musikalske uttrykk vil dei gi kvar sine perspektiv på Lohse sin musikk og på akkordeonet si rolle i den.

Portrettkonserten er ein viktig del av NordAccordion sitt arbeid med å løfte fram komponistar som har vore med på å utvikle det moderne repertoaret for akkordeon. Dette blir ein kveld for både dei som kjenner musikken frå før, og dei som ønskjer å oppdage noko nytt.

Medverkande:
  • Luca Bello
  • David Munk-Nielsen
  • Gemini Duo
  • Geir Draugsvoll

Ole Bull Akademiet
Torsdag 13. august 2026 · kl. 19.30

Billettar
Vestlandsk Operapub med Henning Sommerro

Fredag 14. august 2026 · kl. 20.00

Vestlandsk Operapub med Henning Sommerro

NordAccordion flyttar denne kvelden inn på Kafé Tre Brør og inviterer til operapub – ein uformell kveld med store stemmer, sterke melodiar og musikk tett på publikum.

På scena møter vi Magne Fremmerlid, Henning Sommerro og Kristina Farstad Bjørdal. Med song, klaver og akkordeon byr dei på kjende og mindre kjende innslag frå operaen si verd, i ei ramme der det er kort veg mellom utøvarane og salen.

Det blir også plass til fleire av Henning Sommerro sine kjende og kjære klassikarar. Sommerro medverkar både på klaver og song, og saman med Fremmerlid og Bjørdal blir det rom for det storslåtte, det leikne og det nære – og truleg nokre overraskingar undervegs.

Dette er ein kveld der ein kan senke skuldrane, utan å miste krafta si. Ta med vener, finn deg eit bord og bli med på ein annleis operakveld midt på Voss.

Medverkande:
  • Kristina Farstad Bjørdal
  • Magne Fremmerlid
  • Henning Sommerro

Tre Brør
Fredag 14. august 2026 · kl. 20.00

Billettar
The Romantic Accordion

Laurdag 15. august 2026 · kl. 12.00

The Romantic Accordion

Gratis konsert i spektakulære omgjevnader på Stalheim Hotel.

På Stalheim Hotel inviterer NordAccordion til ein konsert der romantiske klangar, utsyn over vestlandslandskapet og sterke festivalartistar møtest i same rom.

TOEAC Accordion Duo medverkar på programmet, og Draugsvoll/Bjørdal framfører utdrag frå «Ordskifte».

Konserten er gratis og open for alle, og eignar seg som ei stemningsfull festivaloppleving midt på dagen.

Medverkande:
  • TOEAC Accordion Duo
  • Geir Draugsvoll
  • Kristina Farstad Bjørdal

Stalheim Hotel
Laurdag 15. august 2026 · kl. 12.00

Gratis
Echoes off Cliffs

Laurdag 15. august 2026 · kl. 12.45

Echoes off Cliffs

Musikk i naturen av festivalkomponisten vår, Martin Lohse.

Like etter «The Romantic Accordion» held festivalen fram på terrassen på Stalheim Hotel med eit eige naturmøte i musikken.

«Echoes off Cliffs» løftar fram musikk av Martin Lohse i spektakulære omgjevnader, der lyd og landskap får spele saman.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Medverkande:
  • Bjarke Mogensen
  • Jesper Andersen (lyd)

Terrassen på Stalheim Hotel
Laurdag 15. august 2026 · kl. 12.45

Gratis
Elevkonsert og innslag v/Geir Draugsvoll

Laurdag 15. august 2026 · kl. 15.00

Elevkonsert og innslag v/Geir Draugsvoll

Gratis konsert i Bakka kyrkje med festivalstudentar og innslag ved Geir Draugsvoll.

NordAccordion samlar unge akkordeontalent frå fleire land til sommarkurs på Ole Bull Akademiet. I Bakka kyrkje får publikum møte noko av det dei har arbeidd med gjennom festivalveka.

Konserten blir supplert med innslag ved Geir Draugsvoll, og gir eit fint møte mellom læring, formidling og konsertoppleving i eit særprega kyrkjerom.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Medverkande:
  • Festivalstudentar
  • Geir Draugsvoll

Bakka kyrkje
Laurdag 15. august 2026 · kl. 15.00

Gratis
Club5

Laurdag 15. august 2026 · kl. 20.00

Club5

Club5 er eit internasjonalt tangoensemble med musikarar frå Danmark, Sverige, Kroatia, Romania og Polen.

Ensemblet samlar nokre av dei mest lovande unge klassiske musikarane i Norden, med ei felles interesse for tango og kammermusikk på høgt nivå.

Med fiolin, gitar, klaver, kontrabass og akkordeon utforskar Club5 den rike arven etter Astor Piazzolla og Nuevo Tango-tradisjonen. Ensemblet har opptredd i Tivolis Koncertsal i København, i tillegg til på festivalar og konsertar i Danmark og internasjonalt.

Gjennom virtuost samspel, energi og kunstnarleg nærvær gir Club5 tangoen eit moderne og internasjonalt uttrykk, samstundes som dei tek vare på respekten for dei historiske røtene til sjangeren.

Medverkande:
  • Club5

Gamlekinoen (vestibylen)
Laurdag 15. august 2026 · kl. 20.00

Billettar