
Claudio Jacomucci
Akkordeonist, komponist og pedagog i Alexanderteknikk
I løpet av ei imponerande karriere har Jacomucci vunne fleire internasjonale konkurransar; som Grand Prix International d'accordéon i st. Etienne (1988), Trofeo Mundial de acordeón i Cuenca (1990), Sufmio città di castelfidardo (1990) og Arrasatet Hiria (1994). Jacomucci har urframført ei rekkje verk i samarbeid med våre største komponistar som Luciano Berio, Franco Donatoni, György Kurtag, Luis De Pablo, og sjølv som komponist.

Stian Carstensen
Den folkekjære trekkspelaren og multiinstrumentalisten Stian Carstensen skal under NordAccordion halde konsert på Cafe Stationen. Som soloartist byr han på eit mangfoldig repertoar, og han framfører alt frå hillbilly, barokk, og sjølvlaga humoristiske viser med meir eller mindre bisarre tema.

Hanzhi Wang (CH)
På tross av sin unge alder har Hanzi Wang allerede gjort stor karriere og spelt konsertar over heile verda som solist og kammermusikar.

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl
Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl kjem til NordAccordion for å spele konsert med den klangfulle og nyskapande kombinasjonen akkordeon og bassklarinett.