Torsdag 13. august 2026 · kl. 12.00

Gratiskonsert i Voss Sparebank

Voss Sparebank

Gratiskonsert i Voss Sparebank

Konsertomtale

Denne konserten samlar det svenske stjerneskotet Leo Florin, Geir Draugsvoll og Kristina Farstad Bjørdal til ein intim og spennande konsert med både unge krefter og ei heilt ny musikalsk hending.

Leo Florin er ein av dei mest spennande unge akkordeonistane i Sverige, og kjem til NordAccordion med stor speleglede, tydeleg musikalitet og eit uttrykk som allereie har vekt merksemd langt utanfor heimlandet.

Eit av dei store høgdepunkta denne formiddagen blir urframføringa av «Ordskifte», eit nytt verk av Henning Sommerro, skrive for festivalsjef Geir Draugsvoll og Kristina Farstad Bjørdal. Verket tek utgangspunkt i nordmøringen Leif Halse sitt dikt og fører tekst, klang og forteljing inn i eit nytt musikalsk landskap.

Henning Sommerro vil sjølv vere til stades under konserten, noko som gjer urframføringa til eit ekstra nært møte mellom komponist, utøvarar og publikum.

Konserten er ein del av samarbeidet mellom NordAccordion og vår sponsor Voss Sparebank, og vi er svært glade for å kunne invitere til ein føremiddag som viser nye verk – og der akkordeonet får stå sentralt i lokalsamfunnet.

Medverkande:
  • Leo Florin
  • Geir Draugsvoll
  • Kristina Farstad Bjørdal
  • Henning Sommerro

Voss Sparebank
Torsdag 13. august 2026 · kl. 12.00

Gratis