Sommarkonsert på Stalheim Hotel

8. juli: Sommarkonsert på Stalheim

Dette er den andre forløpar-konserten til årets festival. Geir Draugsvoll – festivalens kunstneriske leiar (akkordeon), Dina Elena Draugsvoll (klaver) og Mette Rasmussen (klaver) blir å høyra på Stalheim Hotel 8. juli kl. 16.00.

Geir styrer publikum gjennom ein konsert der han har med seg familien, nemnleg Dina Elena Draugsvoll (klaver) og Mette Rasmussen (klaver). Her skal det tryllast fram både liflige og sprelske tonar frå norsk nasjonalromantikk og sydamerikanske tangoar. Og ikkje minst vert det fyrste gong ein kan høyra Edvard Grieg sin klaverkonsert på Stalheim! Dette meisterverket er kanskje den "mest norske" musikken nokonsinne, og då eignar det seg svært godt med vakre Nærøydalen og Jordalsnuten som bakteppe. Historien fortel at Grieg var på Stalheim i si tid. Hadde han nokon gong tenkt seg at desse tonane skulle lyda ut over verdsavområdet 150 år seinare? Landskapet er uansett det same, sjølv om mykje har endra seg sidan Griegs tid.

Stalheim Hotel

Laurdag 8. juli klokka 16

Gratis inngang