FREDAG 4/8 KL. 21.00
Kva er vel betre å bruka fredagskvelden på enn å nyta dei vakraste ariar, viser og musikalsvisker, akkompagnert av akkordeon, på Voss sin hyggelegaste kafé og bar med noko kaldt i glaset? På operapub kjem du tett på musikarane i uformelle omgjevnader.
4. august blir det Operapub på Tre Brør på Voss med Ida Løvli Hidle, tenor Torstein Fosmo og mezzosopran Maria Nohr.
Torstein er ein etterspurt songar som like sjølvsagt syng revy og viser som store operaarier. Maria har gjort hovudroller som Maria von Trapp i "Sound of Music" ved Hålogaland teater, og er til dagleg fast tilsett i Trondheim Vokalensemble. Ida Løvli Hidle (akkordeon) er for tida aktuell med den første soloplata si som vart nominert til Spellemannsprisen og Opus Klassik (Tyskland). Ho framfører mykje opera og skal også spele heile tre nye norske operaer denne sommaren. Ida og Maria er forresten svigerinner. Saman med resten av familien arrangerer dei kvar sommar operapub på Kjerringøy, der Torstein har vore gjest fleire gonger. Så dei som kjem på denne konserten er i dei beste "operapubhender".
Vel møtt til ein kveld fylt med dei vakraste svisker frå opera, musikal- og viseverda. Kanskje dukkar det opp nokre overraskingar óg!