Filmkveld: Nosferatu med Geir Draugsvoll, Mattias Roedrik og Helle Solberg – VOSS KULTURHUS

Filmkveld: Nosferatu med Geir Draugsvoll, Mattias Roedrik og Helle Solberg – VOSS KULTURHUS

ONSDAG 2. AUGUST KL. 20.00

"Nosferatu" er den mest legendariske av alle Dracula-filmar, instruert av legenden F.W. Murnau. Filmen hadde 100-årsjubileum i 2022. Den danske komponisten Helle Solberg har komponert ny klassisk musikk til filmen, spesielt for live framføring.

Solberg si forestilling om Nosferatu hadde premiere i 2001 på Det danske filminstitutt i København og har sidan blitt framført meir enn 30 gonger rundt om i Europa, og har fått stor anerkjenning frå publikum og presse.

”Nosferatu Live” blir framført av to internasjonalt anerkjende musikarar: cellist Mattias Rodrick og akkordeonist Geir Draugsvoll.

Dei har turnert i Oslo, Stockholm, London, Edinburgh, Glasgow, Berlin, Malmö, Odense, Reykjavik, Trondheim, Newcastle osb. I 2022 feirar Nosferatu  hundreårsjubileum, og gir nye høve til å oppleve eit filmatisk meisterverk som blir stadig meir fascinerande for kvar bursdag.

Vi i NordAccordion er stolte og glade over å arrangere denne konserten i samarbeid med Voss Filmklubb!

“Now that’s what I call music to suck blood by! ... I went to Copenhagen last week for the première, it was a sell-out. It was also sensational.” Independent, London, UK

“The music created a continuous and substantial soundscape throughout the film, without pauses, and it was incredible how Geir Draugsvoll and Mattias Rodrick managed to heighten the film’s scenes with their expert playing. The combination of masterful cinema and music made one’s hair stand on end...” Morgunbla∂i∂, Reykjavik, Iceland