Kunstnarisk leiar
Geir Draugsvoll
e-post: geir@draugsvoll.dk
Geir Draugsvoll er kunstnarisk leiar for NordAccordion, og ein av initiativtakarane til festivalen. Som akkordeonist har han spelt over heile verda, og er velkjend for eit innovativt og variert repertoar.
Ikkje minst har konsertane hans som solist med orkester sett spor etter seg, og han har blant anna spelt som solist med London Symphony Orchestra, Mariinsky Orchestra, Kremerata Baltica, Berkeley Symphony og mange andre verdskjende orkester. Utover å vera musikar er Geir professor ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, der han har runda 25 år som lærar.
«NordAccordion er tenkt som ein festival for akkordeonistar frå heile verda, med fokus på at den yngre norske generasjonen får eit sosialt samlingspunkt, og å gjera det mogleg for dei å få eit internasjonalt perspektiv.»