Håvard Svendsrud

Lunsjkonsert i Voss Sparebank

Med ein av landets mest rutinerte trekkspelarar

Trekkspelaren Håvard Svendsrud serverer eit musikalsk streif «frå Rameau til Haagenrud». Håvard er utdanna ved Barratt Due musikk­institutt i Oslo og vert omtala som ein av Skandinavias mest aktive utøvarar på instrumentet. I meir enn 25 år har han arbeidd som frilansmusikar med konsertar, innspelingar og undervisning i både Noreg og utlandet. I Voss Sparebank tek han oss med på ei kort reise gjennom musikkhistoria og viser akkordeonet si allsidige klangverd. Arrangementet er del av NordAccordion-festivalen og er gratis og ope for alle.

Voss Sparebank
TORSDAG 14. AUG  12:30

Gratis