Velkommen til NordAccordion på Voss, 8.-13. august 2019!

Nordaccordion er tilbake i 2019!

Nordaccordion er tilbake i 2019!

NordAccordion 2018 var eit eventyr, og me har mange gode minne frå ei fantastisk veke. Etter å ha pusta litt ut, så er me no klare til å skape nye minne! NordAccordion 2019 vert arrangert i perioden 8–13 august, og me kan love at det kjem nye musikalske høgdepunkt.

Denne gongen får me besøk frå akkordeon-legendene Friedrich Lips (Russland) og Matti Rantanen (Finland). Dei vil by på konsert med russisk og finsk musikk, og undervise på seminaret i samband med festivalen. I tillegg kan de høyre Jostein Stalheim, den sjarmerande Toeac duo frå Holland, opera pub med akkordeon, og ein konsert der ein kan høyre Astor Piazzolla på Vossamaol...

NYTT I ÅR: Nordisk Akkordeonlærar-symposium

NYTT I ÅR: Nordisk Akkordeonlærar-symposium

Nordisk Akkordeonlærar-symposium tar sikte på å samle nordiske lærarar til inspirasjon og utveksling av idéar. Vi vil få høyre pedagogisk status frå alle dei nordiske landa, i tillegg til innspel frå to av dei førande landa i verda; Russland og Kina.

Samtidig markerer vi ein av dei store legendene på akkordeon, Mogens Ellegaard. Ellegaard var mange gonger på Voss, og i tillegg til å vere ein inspirasjon for det lokale akkordeonmiljøet, var han ein av instrumentet sine største pionérar.

Klikk her for program og påmelding

NordAccordion på Instagram

 

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune