Programme

Tip!

Festival Pass

Would you like to join the whole festival? This festival pass provides access to all festival concerts, so that you call fully enjoy this NordAccordion experience!

BUY FESTIVAL PASS HERE (Ticketco)

 

Nordisk Akkordeonlærar-symposium 12.-13. august 2019

There is no translation available. 没有翻译可用

Vi i NordAccordion ønskjer å utvide festivalen og inviterer alle nordiske akkordeonlærarar til gratis symposium! Vi trur at inspirerte lærarar gir inspirerte elevar, og at vi står sterkare saman i ei tid der akkordeon- og musikkundervisning må konkurrere mot stadig fleire fritidsaktivitetar og andre aktivitetar. Derfor ønskjer vi å skape ein plattform der ein kan møtast i hyggelege omgivnader, bli kjent med nytt pedagogisk repertoar og materiale, bli inspirert, utveksle erfaringar og bli kjent på tvers av dei nordiske landa. Blant dei som vil bidra på symposiet er nokon av verdas leiande pedagogar; Geir Draugsvoll (Noreg), Matti Rantanen (Finland), Friedrich Lips (Russland).

Samtidig markerer vi ei av dei store legendene på akkordeon, Mogens Ellegaard. Geir Draugsvoll med gjester vil guide oss gjennom utviklinga frå Ellegaard si tid, arven etter arbeidet hans og pedagogiske betydning. Ellegaard var mange gonger på Voss, og var med det ein stor inspirasjon for det lokale miljøet. Det vil sjølvsagt også bli tid til litt mimring.

Vi ønskjer også å setje fokus på god musikarhelse. Magne Seim er sjølv akkordeonist og har mange års erfaring som Tai Chi-lærar. Han vil halde eit lite kurs om hensiktsmessig kroppsbruk for å motverke slitasje, smerter og skadar og stressmeistring.

I tillegg vil ein kunne vere til stades ved meisterklasser med NordAccordion sine flotte sommarkurs-elevar.

Hjartelig velkomen til Ole Bull Akademiet på Voss for fagleg input og hyggeleg sosialt samvere!

Medverkande er blant andre Geir Draugsvoll (Noreg), Matti Rantanen (Finland), Friedrich Lips (Russland), Stian Aase (Noreg), Marie Hansen (Danmark) med fleire.

Program:

Måndag 12. august 2019:

Musikarhelse med Magne Seim
Tid: 09.00-10.30
Stad: Osasalen, Ole Bull Akademiet

Meisterklassar med kurset sine elevar
Tid: 10.30-13.00
Stad: diverse lokale på Ole Bull Akademiet
Undervisarar: Geir Draugsvoll, Matti Rantanen, Friedrich Lips og Ida Løvli Hidle

Symposium
Tid: 14.00-17.00
Stad: Osasalen, Ole Bull Akademiet
Tema: Pedagogikk i Norden

Denne dagen vil bli delt opp i to delar. Vi har invitert pedagogar frå dei nordiske landa til å halde innlegg om pedagogisk status i sine land. Kva pedagogiske verk og metodar blir brukt? Korleis fungerer kulturskulen og undervisninga andre stader? Vi vil blant anna få høyre innslag frå pedagogar frå to av verdas leiande nasjonar: Kina og Russland. Dette vil føregå på engelsk/nordisk.

Seinere på dagen vil det bli sett av rikeleg med tid til eit diskusjonsforum. Her er det meininga at alle kan vere med å utveksle erfaringar, idéar og meiningar knytt til problemstillingar som ein møter i dagens kulturskulekvardag. Dette forumet vil bli leia av Stian Aase, og føregå på ”nordisk”. Dette vil kun vere åope for påmelde til akkordeonlærar-symposiet. 

Konsert:

Operapub 
- operaklassikarar, viser og musikalslagerar vil bli servert på høgt nivå med særdeles laus snipp, noko kaldt i glaset og sjølvsagt med akkordeonakkompagnement! 

Tid: 21.00
Stad: Tre Brør (Ver merksam på at konsertlokale kan bli endra)
Med Aleksander Nohr (baryton), Ida Løvli Hidle (akkordeon) og fleire.

Billettar:
Følg med på nettsida vår for informasjon om billettar til denne konserten.

Tysdag 13. august 2019:

Musikarhelse med Magne Seim
Tid: 09.00-10.00
Stad: Osasalen, Ole Bull Akademiet

Meisterklassar med kurset sine elevar
Tid: 10.00-13.00
Stad: diverse lokale på Ole Bull Akademiet
Undervisarar: Geir Draugsvoll, Matti Rantanen, Friedrich Lips og Ida Løvli Hidle

Symposium
Tid: 14.00-17.00
Stad: Osasalen, Ole Bull Akademiet
Tema: Mogens Ellegaard

Geir Draugsvoll med gjester vil guide oss gjennom utviklinga frå hans tid, og arven etter hans arbeide og pedagogiske betydning. Ellegaard var mange gonger på Voss, og var med det ein stor inspirasjon for det lokale miljøet. Det vil sjølvsagt også bli tid til litt mimring.

Konsert:

Avslutningskonsert med elevar frå kurset
Tid: 20.00
Stad: Osasalen, Ole Bull Akademiet
Billettar:  Følg med på nettsida vår for informasjon om billettar til denne konserten.

Kost og losji:

NordAccordion dekkjer ikkje kost og losji, og dette må organiserast av den enkelte. Her er ei liste over overnattingsstader i nær Ole Bull Akademiet:

Park Hotell Vossevangen
Fleischer Hotell
Voss Vandrarheim

Det finnes også eit godt utval av airbnb-leilegheiter.

Påmelding:

Pris: Gratis. Vi oppfordrar samtidig alle til å støtte NordAccordion ved å kjøpe billettar til våre konsertar og andre arrangement.
Ver venleg og send påmelding innan 15. mai på e-post til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. med følgjande informasjon:

Namn:
Land:
E-post:
Undervisningsstad:
Påmelding til begge dagar?:

 

Les

Follow us:

NordAccordion is organized in collaboration with the Ole Bull Academy and Voss Spelemannslag and with support from: 

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune